Månen som ville lyse som ei sol NY4/L1 - XL6QB00

Månen som ville lyse som ei sol
100 NOK pr stk,- Vekt: 0.4 kg


Ikke lagervare

Omtale frå forlaget:

”Kvifor er ikkje eg meir som Sola?” undrar Månen. Når Sola lyser er alle glade, mens leiken stilnar når han kjem fram … Sola påstår til og med at han ikkje lyser, og at ingen ville merke om han forsvann!  I denne boka er sola og månen eit umake par som må finne ut kor viktige dei eigentleg er for kvarandre. Vi får ein høyre om både solsystemet, solformørking og flo og fjøre, men mest av alt handlar det om å finne sine eigne kvalitetar og verdsetje at vi er ulike.

Dette er ei uvanleg vakker bok, med eit uttrykk som både er høgst originalt og lett tilgjengeleg. Elin Grimstads eigenarta illustrasjonar er baserte på teknikkar frå animasjonsfilm og gir boka eit poetisk og tredimensjonalt uttrykk heilt i særklasse.

Kvart bilde er eit detaljrikt kunstverk, ei eiga verd med mykje å utforske både for barn og vaksne.

 

Forfattar: Elin Grimstad

Utgitt: 2012

Innb: Innbundet

ISBN: 9788252175950

ALder: 0-3 år

Kanskje du også er interessert i...

Resultat 1 - 3 av 195